tirsdag 4. januar 2011

Endringar for butikken vår!

Endra planer for håndverkslåven vår.
Opprinnleg hadde me tenkt å ta øvre del av låven i bruk som butikk,men sidan den er voldsom open og uisolert som fleste låvar er,fant me ut at me skal bruke ein av høytørkene nede som butikk. Romma er,som navnet seier,bruka til å tørke høy og har både veggar og golv,noko som gjer arbeidet med å gjera det om til butikk mykje enklare...


Det einaste me må gjera er å lage til eit tak og isolere
 slik at ikkje all varmen stig opp til den øvre delen av låven.
Det blir ikkje mange kvadratmeter å boltre seg på,men det blir ein oppvarma og god butikk
som me kan halde ope mykje lenger utover året. Så får me heller utvide etterkvart,når kundane strøymer på;)
Det er vel lov å drøyme om det...hihi
 
 
Idag skal me flytte ut resten av flyttelasset som fortsatt står i høytørka...(skammer meg)
og noko ved som ligg der. Så er det bare å sette i gang med oppussinga og takbygging.
Gledar meg til å få  ferdig butikk og verkstad!
 
Laug folket

2 kommentarer:

  1. Eg heve ikkje sett linken til denna sida før eg, litt treig av meg vettu...Men det blir artig å titte innom her au inniblandt då, gledar meg te å koma på "shopping" etterkvart!

    SvarSlett
  2. Hei

    Har akkurat funnet bloggene deres. Så spennende. Håper det er ok jeg linket til siden? Vi skal begynne renovering av gammelstua på en gård i løpet av våren, så det er spennende å følge andre som har gjort/gjør tilsvarende. Takk for fin inspirasjon. Elisabeth

    SvarSlett