torsdag 16. mai 2013

Gårdsmarked 29 juni 2013

Lørdag 29 juni blir det gårdsmarked her på Laug.
Her kan du møte hest,sau, høner. Ta ein titt på både bruktmarked og loppebord.
Stand med småmøbler i tre, kniver, maleri utstilling med mere..
Her blir det også turer med hest og vogn for barna.
Det blir salg av pølser, kaker, saft og kaffe.
 
----------------------------------------------------
 
 
Vi åpnar kl 10.00 og vil holde på til 18.00.
Dette er eit forsøk på å få litt liv på landet:)
 
Gratis inngang!
Velkommen

torsdag 26. mai 2011

Langbord tilsalgs(solgt!)

Då har me eit (1 stk) Langbord til salgs her.
Beklager kvalitet på bildet,tatt i låven:)
For meir info,klikk deg inn her

onsdag 2. mars 2011

butikken/verkstaden tar form

Min vesle verkstad og butikk har fått seg dør og vindauga:)

 Hadde ein liten tur med kameraet mitt for å ta nokon bilete av korleis ståa er her no.
Har vel desverre ikkje hatt den største framdriften her på ei stund,men det har jo vore så frykteleg kaldt atte!
Heldigvis ein heilt annen temperatur no, kosleg å tenke på at det gjeng mot vår:)

Min kjære mann  har bygd denne hemsen med trapp til...Me fant ut at for at me skulle utnytte det vesle rommet på ein bra måte,måtte me bygge i høyda. Siden rommet har stor takhøyde var det lurt med ein hems. Her kan eg sitte å jobbe og ha verkstad,mens eg har butikk nedenunder:)
..Må bare laga rekkverk her,så eg ikkje detter ned;)


Utenfor skal me lage ein liten platting/inngangsparti med tak over,men dette må me lure litt på,slik at me får det til å harmonere med resten av låven...Døra skal bli kvit når gradene tillater det:)

Mykje som gjenstår,men dette var ståa no!

Helsing Laug Folket

onsdag 19. januar 2011

Butikk bygging


Nokon bilete frå butikkbygging.
Her blir det bygd tak over høytørka nede,
og isolert..
 Ikkje alle likar seg like godt ute i kulda:)

 Her er butikkparkering/inngang.
hehe ikkje akkurat så mange som ser for seg nokon butikk her men;)

 Bare vent,så skal det bli store forskjellar her:)
Her skal me sette inn ei dør og eit vindauge,
då bli det med ei gong litt trivlegare,
no er det bare ei KJEMPEstor låvedør her,
denne skal spikrast fast..
 Her ser du taket som er komen opp,
tømmer frå egen skog å greier;)
 Ser litt trasig ut for øyeblikket, litt arbeid gjenstår nok;)hihi
Det var titten for idag,
mykje som gjenstår,
men me har vertfall kome godt igang!


Laug Folket

tirsdag 4. januar 2011

Endringar for butikken vår!

Endra planer for håndverkslåven vår.
Opprinnleg hadde me tenkt å ta øvre del av låven i bruk som butikk,men sidan den er voldsom open og uisolert som fleste låvar er,fant me ut at me skal bruke ein av høytørkene nede som butikk. Romma er,som navnet seier,bruka til å tørke høy og har både veggar og golv,noko som gjer arbeidet med å gjera det om til butikk mykje enklare...


Det einaste me må gjera er å lage til eit tak og isolere
 slik at ikkje all varmen stig opp til den øvre delen av låven.
Det blir ikkje mange kvadratmeter å boltre seg på,men det blir ein oppvarma og god butikk
som me kan halde ope mykje lenger utover året. Så får me heller utvide etterkvart,når kundane strøymer på;)
Det er vel lov å drøyme om det...hihi
 
 
Idag skal me flytte ut resten av flyttelasset som fortsatt står i høytørka...(skammer meg)
og noko ved som ligg der. Så er det bare å sette i gang med oppussinga og takbygging.
Gledar meg til å få  ferdig butikk og verkstad!
 
Laug folket